Meling krinslag

Velkomen til Hallaråker Gardslag si heimesida.

Hallaråker Gardslag er ein velforeining knytte til garden Hallaråker i Bømlo kommune. Laget vart stifta i 1990. Her bur det i dag 111 stk. fordelt på 68 vaksne og 43 barn. I tillegg er her ca 10 hytter/ sommarhus.

Hallaråker Gardslag laga seg leikeplass/ samlingsplass i 1991 og har no fått sitt eie gardshus med nytt kjøkken og samlingsstove på same tomt. Huset er til fritt bruk for medlemmane til barneselskap, ungdomssamlingar eller andre ynskjer.

I 1997 vart eit nytt byggjefelt lagt ut på garden og her har vært stor aktivitet sidan. Pr i dag er det komme 13 hus her og i løpet av året er enda 3 stk. under oppføring.

Laget har stor aktivitet med faste arrangement som vaffelsteiking i Hallaråkerløypa på Skjærtorsdag, felles arrangement på jonsok, familiedag med fiskekonkurranse og felles grilling ein heil laurdag på seinsommaren, julegranstenning i adventstida og etterjulsfest for medlemmane.

Mot sjøen er det også stor aktivitet. I fleire eldre naust er det på nytt blitt liv og røre, spesielt på sommartid. Også i samband med det nye byggjefeltet er det etablert eit nytt naustområde. Her er det no i ferd med å komme opp fleire naust.

Styret i Hallaråker Gardslag ser slik ut i 2015:

  • Leiar: Kristina Halleraker Pettersen (tlf: 97744779 e-post: kristinahalleraker@hotmail.com) 

Styret i Hallaråker Gardslag kan kontaktast på e-post halleraker@melingkrins.no.